Den bittersøte kvardagen - terningkast fem


Som oss alle lengtar dei etter å bli elska, dei små og store menneska som strevar med livets puslespel i teaterstykket "To søstre" på Sogn og Fjordane Teater. Men dette spegelbiletet av vår splintra tid viser ikkje berre forgremma andlet. Dette er ei forteljing om håpet som held oss oppe.

Vegen er farleg kort over i såpeopera eller til finsk fjemsynsteaters mørke nevrosar, når ein forfattar og eit teaterensemble gir seg i kast med emnet fylkesteatrets nye oppsetjing handlar om:

Enkemannen Ask (Bjørn Myrholdt) møter den fråskilde Tyra (Nina Scheide), søt musikk oppstår og dei bestemmer seg for å skape ei ny lukkeleg familie av sine einsame liv. Kvar har dei med seg ei dotter inn i det nye forholdet; Ask den stillfarne Ristil (Therese Hugøy), medan Tyra flyttar til sin nye heim med gutejenta Ragnhild (Mai Lise Rasmussen).

Dissonansar
Men den søte musikken går meir og meir over i dissonansar når born og vaksne møter kvardagen og skal slipe kantane av kvarandre. Sjalusien kjem for fullt, saman med kampen for å bli lagt merke til. Alle får vanemønsteret sitt splintra, og kjærleiken kvar av dei har til si eiga dotter skapar nye forviklingar. Så kjem mistydingane, utbrota av sinne, og dei tårevåte stundene når Ristil snakkar med mor si i himmelen og Ragnhild eksploderer i sår aggresjon.

Hadde dette vore Offshore, ville dette forsøket på å finne livslukka gått dit høna sparkar. Det gjer det nesten også, eit absurd, tragikomisk virvar. Men frå alle kranglane og kivet veks det fram band jentene imellom og mellom dei vaksne foreldra. Alle treng dei eigentleg kvarandre så sårt.

Der sit vi små og store tilskodarane og ser forfattaren Ingeborg Eliassen og Sogn og Fjordane Teater halde ein spegel opp for oss. Og det vi ser, er smilet og livsviljen som bryt fram mellom alle tårene kvardagen kan gi oss.

"To søstre" får god mottaking hos tre av dei yngste blant publikum på premieren laurdag,- Terningkast fem, seier både Anne Marie øvrebø (11) og Martin Hatlebrekke (14) frå Førde, og Raymond Rønnekleiv (14) frå Sandane.

- Vi kjende oss att. Folk kranglar om små bagatellar, og dei vaksne oppfører seg litt rart.

Men det var ikkje alt vi skjøna av handlinga. Dei vaksne forstod nok meir, seier dei tre.

- Stykket verka ekte. Episodane i dette stykket er slik kvardagen kan vere, tykkjer Raymond, medan Anne trekkjer konklusjonen alle tre er samde om:

- Eg tykkjer stykket var bra.

"To søstre" i ein liten sal med kort avstand til dei rundt 70 tilskodarane var det plass til å pakke saman i amfi. Nærleiken og den etter måten enkle scenografien er eit godt val. I større lokale kan dette stykket lett misse nerven og freiste til overspel.

På same måte er det truleg eit heldig val for Sogn og Fjordane Teater å velje ei oppsetjing med ein kvardagsdramatikk og eit ambisjonsniva ensemblet ikkje bryt nakken på. Det tener til å gi fylkesteatret ein eigenart, i staden for at det framstår som lettvektutgåve av dei større og meir ressursterke scenane.

Therese Hugøy og Mai Lise Rasmussen var kanskje litt prega av premierenervar laurdag, men jenterollene deira vart meir og meir truverdige di lenger dei kom ut i framsyninga. Bjørn Myrholts Ask og Nina Scheides Tyra er fulle av lengt, smerte og temperemant, men bikka stundom litt mykje over i typeteikningar.

Barne- og vaksenteater
To ting gir denne oppsetjinga styrke. For det første er den noko så sjeldant som eit barne- og vaksenteater på same tid. For det andre snakkar alle dei medverkande naturlege dialekter som kler handlinga.

Hanne Tømta har vore iscenesetjar, Magne Magler Wiggen har scenografien, Halldis Hoaas har vore dramaturg og Per Janke Jørgensen har som vanleg teke seg av musikken. Sogn og Fjordane Teater kan trygt møte publikum med dette stykket.