Krampelatter og klump i halsen


Det medførte både krampelatter og klump i halsen, teaterstykket "To søstre" som hadde premiere på Sogn og Fjordane Teater laurdag.

- Eg trur både born og vaksne kjenner seg att. Og mange vil nok føle at det gjer godt å sjå eit slikt stykke, vite at dei ikkje er åleine med sine tankar og reaksjonar, meiner Nina Schjeide frå Ålesund, som gjer ein glimrande innsats i ei av rollene i "To søstre".

"To søstre" har ei handlingsramme som er langt frå ukjent i våre dagar. Mann og kvinne med barn frå tidlegare ekteskap startar eit nytt samliv. I dette stykket er det ein enkjemann og ei skild kvinne som blir glade i kvarandre. Begge har sin eigen augnestein, ei åtte år gammal jente.

Kva skjer mellom mor/dotter og far /dotter når alle fire skal prøve å leve saman? Korleis opplevast det å måtte dele mor eller far med ei ny syster? Korleis taklar dei vaksne å skulle forhalde seg til "ditt barn" i høve til sitt eige? Desse og mange andre spørsmål dukkar fram i stykket. Om ein finn svara, er i mange tilfelle opp til ein sjølv og dei eigne røynslene ein måtte ha.

Ingeborg Eliassen, som har ført stykket i pennen, har greidd å ta opp dette alvorlege temaet i ei form full av humor og varme. Ironien er også ein viktig medspelar, og vert forsterka gjennom gode skodespelarprestasjonar. Ikkje minst frå Nina Sehjeide, ålesundsjenta som spelar Tyra, "mor" i stykket.

- Tyra gjer som ho sjøl vil, under påskott av at ho gjer det til beste for dottera. Dette trur eg diverre ofte er tilfelle. Born blir gjern undervurderte, og ikkje tekne på alvor. Og kor ofte ser vi ikkje at barna tek på seg skulda for ting som går gale, seier Nina Schjeide, som trur mange vaksne vil nikke gjenkjennande til episodar i stykket.

- Dei vil nok både sjå ironien og galgenhumoren, og kjenne att utbrot av typen "vi kranglar ikkje, vi diskuterar!!!!"

I stykket møter vi både klassiske kvardagskonflikter og problematikk av typen "mitt barn og ditt barn". "Du lagar vond mat"-syndromet er heller ikkje utelatt. Dette var i si originale framstilling ei av dei scenene som kalla mest på latteren. "Sei meg, er du åtte år eller er du tre - Er du åtti år, eller er du hundre?!" (Dialog mellom "istadenforpappa" Ask og Ragnhild, 8 år)

"To søstre" har fått merkelappen "vaksen- og barneteater". At akkurat desse orda er valde, er nok inga tilfeldigheit. Dette er eit stykke som utan tvil har bodskap på minst to plan. Ungane som var tilstades på premiera skratta og lo mange stader, og kjente utan tvil att både dei vaksne sin tvetydige opførsel og dei to jentene sine gleder og konflikter. Eit stykke verd å sjå for alle som opplever å introdusere ein "ny" far eller mor i familien. Eller for den skuld: Eit stykke for alle som på ein eller annan måte har familie - eller nokon gong har tenkt å få det.