Mitt barn, ditt barn - deira krangel
Tankevekkjande om ein enkjeman, ei fråskild dame og deira to døtre.
Eit lite drama i ein bitte liten sal for eit ørlite publikum. "To
søstre", ved Sogn og Fjordane Teater syner ein kvardag både barn og
vaksne kjenner seg att i. Ein liten tankevekkar for alle i familiar med
mine barn og dine barn og eksterne foreldre i telefonen.
Men det er ikkje berre halvsysken og stesysken som kjenner seg att når
jentene ber dei vaksne la vere å blande seg inn i deira krangel. For
krangle gjer dei, store som små.
Sjølv tapte eg hjartet mitt til trassige vesle Ragnhild. Ho tyr til både
løgner og provokasjonar for å få litt merksemd frå dei vaksne, som
stort sett har nok med sine eigne kjensler.
Historia er ganske enkel - enkemannen Ask (Bjørn Myrholdt) flyttar i lag
med fraskilde Tyra (Nina Schjeide). Med seg inn i den nye familien har dei
kvar si dotter.
Den furtne og temperamentsfulle Ragnhild (Mai Lise Rasmussen) vil ha ein
kalv og tykkjer mora skal gifte seg med Terje, for han har gard. Ask er
berre teit og sint. Den meir inneslutta, men likevel vennlegare Ristil
(Therese Hugøy) vil ha ei mor. Men ikkje ei slik som Tyra, som lagar ekkel
havregraut.
For første gong er Malarsalen, som til vanleg vert nytta til å lage
kulissar, nytta til teatersal. Kring 70 tilskodarar er det plass til på
ein liten amfi, og dei på første rad kjenner det som dei deltek i
handlinga på scena. Både vaksne og ungar ned til fire år humrar seg
gjennom den vesle timen stykket varer. Det er lett a fnise med jentene når
del rottar seg i hop mot dei temmelege håplause foreldra.
Eg veit ikkje om det strir mot vedtektene til Sogn og Fjordane Teater at
det vert snakka både bergenser og trønder - men befriande er det å
høyre så mange dialektar på ein gong - for er det ikkje slik det er i
den nye familien? Så kaotisk, så vanskeleg å tilpasse seg andre sine
vanar.
Seks lette, mjuke plastklossar og ei dør er dei minimalistiske kulissane.
Treng Ragnhild ein telefon for å ringje faren, teiknar ho ein på eine
sida av ein kloss. Ros til iseenesettaren Hanne Tømta, som gjorde ferdig
diplomoppgava si for to år sia ved regilina pa teaterskulen i
St.Petersburg.
Ensemblet har møtt ulike reaksjonar på "To søstre". På ei
førehandsvisning for ein 9. klasse sat ungane tagale og alvorlege på
stader der dei forventa latter. Min eigen konsulent på ni år - same alder
som dei to stesystrene - tykte framsyninga var artig. For ho var det ei
stadfesting av at vaksne er rare - og litt dumme. Og av og til er det
nyforelska paret litt for rare og dumme. Ragnhild og Ristil er meir
truverdige i all sin sjalusi, si einsemd og i sitt gryande vennskap. Om dei
furtar eller rasar - dei klarer fint å få fram to svært ulike typar, som
alle som er barn, har barn eller har vore barn kan kjenne seg att i.
Teatersjef Mette Brantzeg satsar på samtidsdramatikk i sin første sesong
ved Sogn og Fjordane Teater. Det har ho visst gjort rett i. Eg hadde mest
ei kjensle av fjernsynsteater (finsk?) der vi sat tett samam som i ei lita
stove og kjende magen til sidemannen riste tid om anna.
"To søstre" skal saman med "Natta syng sine songar" ut på turné i Sogn
og Fjordane fra 9. mars.