Mitt barn, ditt barn, vår familie


"To søstre" er eit teaterstykke for vaksne og barn om vanskane med å skape ein familie når både mannog kvinne har kvar si åtte år gamle dotter frå før. Stykket er ein lovande start for den nye teatersjefen, Metta Brandtzeg.

Både enkemannen Ask spela av Bjorn Myrholt og den skilte Tyra (Nina Schjeide), vil så gjemt få til familieprosjektet sitt. Men å ville ein ting og å få det til å lukkast i praksis er to ulike ting. Dei to har nemleg kvar si dotter som dei er svært glade i, og foreldebarn banda er minst like sterke som kjærleiken mellom paret. Ein del vaksne og nokre barn hadde møtt fram til premieren på den vesle scena i Førdhuset, og skodespelarane makta å fange merksemda og underhalde publikum gjennom heile stykket. "To søstre" av Ingeborg Eliassen er instruert av Hanne Tømta.

Innflytting
Det første møtet der barna er med er passeleg vellukka og prega av optimisme, foreldra har tydeleg bearbeidd avkommet på førehand. Ask si jente Ristil er imøtekomande, medan Ragnhild som er dotter til Tyra er langt meir reservert. Når dei fire hamnar under same tak blir det verre. Raenhild passar på å nemne kalven som ho eig og måtte reise frå seint og tidleg. Samstundes understrekar ho at rommet hennar ikkje er større enn eit kott. Akkurat dette poenget dreg mor hennar fram i dårlege stunder. Ristil på si side har ei mor himmelen og er generelt venleg innstilt til omverda, men det gjør ikkje at ho likar maten til den nye kvinna faren har henta i hus. Familieprosjektet avlar mykje humor, og skodespelararne utnyttar tekstane på ein fin måte. Spesielt imponerar tolkninga Mai Lise Rasmussen gjev av den sårbare og energiske Ragnhild som er glad i lange telefonsamtalar med den eigentlege faren tidleg på morgonen, og som vaktar tusjane sine mot tjuvlån frå stesøstra med livet som innsats. Far i huset er ein ordensmann, og livredd for å få øydelagt puslespelet han har brukt fleire år på å lage. Han ser den viltre stedotra Ragnhild som ein potensiell trussel. Den meir fredelege og drøymande Ristil vert spela av Askvolljenta Terese Hugøy.

- Det er vanskeleg å skulle vere åtte år på scena, og eg brukar nok litt av meg sjølv slik eg var som bam, mykje er rolle og ulikt meg sjølv, seier Hugøy. som er letta etter prermiera.

Utflytting
Etter mange kompromiss med matlaging, gebursdagar og andre kvardagslege problem går det med dei fire sorn med tusenvis av norske familiar kvart år, Ask og Tyra skil lag. Puslespelet til Ask vert symbolsk nok øydelagt ved eit uhell når dei to små jentene leikar, og Ask legg skulda på Ristil. Dei huslegt problema tek etter kvart overhand, og mor og dotter flyttar ut.

Stykket er ikkje over med dette, dei fire prøvar etter kvart å lime saman familiepuslespelet att, eit felles barn er nemleg, på veg. Problemstillinga med splitta forhold og nye familiekonstellasjonar har vore aktuell i eit par tiår, og det ser ut til at det ikkje blir færre som kjem i denne situasjonen. Slik sett er stykket til å bli klokare av, samstundes som ein kan le av gjenkjennelege problem. "To søstre" er ein lovande start med Mette Brandtzeg i teatersjefstolen. Sogn og Fjordane Teater skal på turne med forestillinga, for det meste er det skuleklassar som skal sjå framsyninga. Kanskje foreldre skulle bli med barn og stebarn i teater?