Underfundig familiekomikk


Førde: Ein enkemann fell for ei fråskild kvinne. Sjølv forelskar ho seg like intenst. Men; dei to har ei enda større kjærleik i livet, nemleg til kvar si åttearige dotter.

Korleis det heile ender i stykket "To søstre" av Ingeborg Eliassen skal ikkje røpast her. Men om utgangspunktet kan vi likevel fortelje følgjande før kveldens offisielle premiére på Sogn og Fjordane Teater i Førde: Handlinga er lagt til ein større stad i distriktet. Pappaen, enkemannen Ask (Bjørn Myrhol) er innflytta trønder, mammaen, den fråskilde kvinna (Nina Skjeide) og dottera Tyra (Mai Lise Rasmussen) kjem frå ein eller annan plass i Hordaland, medan dottera til Ask, Ristil heiter ho, (Therese Hugøy) er sogning så god som nokon.

Og dette er da også eit kuriøst poeng ved "To søstre": Om familiebanda er oppløyste, og den tradisjonelle kjernefamilien på vikande front, tematiserer også stykket eit anna særtrekk ved den moderne tid: Stadig fleire har sine røter andre stader enn der dei bur. På godt og vondt.

Barna framfor alt?
Nemnast må og at det er ein framsyning med fleire lag, dette. Og sjeldan er vel omgrepet "farnilieforestilling" meir dekkjande enn i Hanna Tømtas regidebut "To søstre", - kall det gjerne ein litt sorgmunter pastisj over Thorbjørn Egners illusorikse "den lykkelege familie". For dei vaksne til dømes: Kva for rett har eg eigentleg
- til å påføre mine born smerte i jakta på nærleik og kjærleik frå ein annan vaksen? Eller - på den andre sida: skal barna sitt umiddelbare behov gå framfor alt anna, alltid?

Frå barnet sin ståstad blir følgjande spørsmål påtrengande: Kva er det eigentleg som hender, når mamma eller pappa finn seg ein kjæraste? Kvifor blir eg så rasande på denne nye? Korleis har det seg at sjølv namnet på vedkommande mest høyrest ut som - "ingenting"?

Sjølvoptatt
Alvorlege tema, javisst, men presentert med ein varm, smittande humor som gjer dette til noko ganske anna enn sosialrealistisk tristesse. I alle fall om ein skal dømme etter kortversjonen som blei vist torsdag. Og den gir sjølvsagt ikkje grunnlag for å trekkje nokon endeleg konklusjon.

Men to ting må likevel nemnast her. For det første: Sjølvlærde, men særs rutinerte Mai Lise Rasmussen i rolla som Tyra, ber mykje av denne opp setiinga. Det kan det ikkje vere tvil om. Teikninga hennar av ein sjalu, eruptiv og sjølvoppteken åtteåring er akkurat så overtydande at ein gløymer tvert at denne skodespelaren sjølv for lengst har passert dei tretti.

Fryktblanda håp
For det andre: Det faktum at alle aktørar får utfalde seg på eige tungemål, jo då, det er norsk, men her går det på dialekt, gir ikkje bare ein tematisk gevinst. Grepet synest og å verke forløysande også for sjølve gestaltinga av dei ulike figurane. Og effekten er ikkje anna enn slåande; desse personan trur vi på - stort sett. Einskild individer meir enn typar, med ei iaugefallande fortid og med fryktblanda håp for framtid. Akkurat som alle oss andre.

Magne Magler Wiggen er ansvarleg for den enkle, men anvendbare scenografien, medan Halldis Hoaas har hatt jobben som dramaturg. Stykket er elles spekka med musikk, kor tekstparafrasene og arrangementa er signert Per Jancke Jørgensen. Om vi legg til at Solveig Fugløy har stått for kostymedesignen, skulle alle vere nemnt.