Vil ha katt
Kor mange barn er det ikkje som har ønska seg eitt eller anna kjæledyr,
men som, i staden har møtt uforståelege foreldreargument eller
byråkratiske borettslagsreglar. Bak alle dei vanskelege orda er det
kanskje heilt andre grunnar til at ein ikkje får den firbeinte venen ein
så inderleg ønsker seg. Dette er det Trøndelag Teaters barneframsyning,
"Ingenting å være redd for" tar for seg med ein god porsjon varme.
"Framsyninga har gått som oppsøkande teater på skulane i Trondheim i
heile haust, og er nå sett opp på Teaterloftet. Det er blitt ei lun lita
framsyning som tar barnas parti eitt hundre prosent, og som kanskje har ein
moral einskilde vaksne vil ha vanskeleg for å svelgje. Men for barna finst
det ikkje problem med å forstå eller kjenne seg att i oppsettinga.
Katta til fru Hagebrink (Hege Rohde) har fått ungar, og alle har fått ein
heim så nær som den minste kattungen (Pia Jacobsen). Den vesle katta er
både kjælen og leiken, og Ingerlinn (lren Reppen) på 8 år fell pladask
for det lille nøstet. Katta er hennar om ho får lov av foreldra sine
(Kine Bendixen og Hallbjørn Rønning). Det får ho sjølvsagt ikkje, og
der ligg konflikten.
Men Ingerlinn er ein oppfinnsam unge som ikkje går av vegen for eit par
spanske, ei lita løgn og nokre tjuvtriks,(alt godt innom grensa for det
akseptable). Ho er ein unge som: ikkje gir seg så lett. Iren Reppens
rolletolking gjer jenta akkurat passe dristig når det gjeld å utfordre
foreldra. Om dette er ein metode som vinn fram, skal eg sjølvsagt ikkje
røpe, men her er konfliktar og løysingsmodellar til å kjenne seg att i
både for vaksne og barn! Det er dessutan befriande å sjå ei
barneframsyning der moralen for det første (rett nok godt innpakka, men
likevel) er å gjere opprør, og der konflikten blir akseptert som ein
konflikt, og ikkje løyst i lutter kardemommeidyll, men tvert om, ved at
den ene parten vinn og den andre tapar.
Dei fem aktørane kjem alle godt frå rollene sine, men det er særleg Iren
Reppen som imponerer som åtteåring. Per Kristian Solbakkens scenografi er
tydeleg laga for oppsøkande teater, men fungerer like bra på ei fast
scene. Enkel, men effektfull bruk av kulisser som blir skrella lag for lag
som ein lauk. Instruktør Trond Birkedal har vald å la stykket framstå
som ei lun, varm, og roleg fortalt historie utan alle dei larmande påhitta
ein ofte finn i barneteater. Han har dessutan prøvd å bryte ned skillet
mellom scene og sal. Dette har han greidd bra, og resultatet er blitt ei
riktig triveleg lita framsyning.